Siri Sandvik, varaordførar Ap

– Uansett kva vi gjer vil vi bryte fleire punkt i avtalen

– Den siste tida har det vore mykje fokus på kor Stad Ap vil lande i budsjettsaka, i famnen til Venstre og Høgre, eller køyre solo?

Støttar kommunedirektøren: Siri Sandvik (Ap), varaordførar i Stad kommune, fremja kommunedirektøren sitt forslag til budsjett og økonomiplan. 

Nyhende

– Alle utvala har no handsama budsjett og økonomiplan, og teke saka til vitande. Det er ikkje tvil om at Stad kommune står framføre store økonomiske utfordringar. Det må kuttast betydeleg i utgiftene, og samstundes må vi nytte alle moglegheiter til å auke inntektene. Som politikarar har vi ansvar for gode tenester til innbyggarane i kommunen når dei treng det. Denne utfordringa er ikkje enkel. I Stad Ap har vi hatt mange diskusjonar, der endringar i eigedomsskatt, slik kommunedirektøren føreslår. Det er gode argument for å vente med desse endringane, og det motsette. Våre nabokommunar har alle eigedomsskatt på næring. Bedriftene har ikkje flytta ut av desse kommunane av den grunn. Då Fellesnemnda jobba og førebudde samanslåing Selje og Eid var gode kommunale tenester heilt sentralt, sa Siri Sandvik, varaordførar for Stad Ap, som peikte på samarbeidsavtalen mellom Venstre, Høgre og Ap.