Kommunedirektør Åslaug Krogsæter:

– Kommunal kollaps i 2030

– Gjer vi ikkje noko fundamentalt er det kommunal kollaps i 2030.

Grundig gjennomgang: Kommunedirektør Åslaug Krogsæter var krystallklar på at alle må førebu seg på endringar. – Dersom vi ikkje tek større grep no vil vi oppleve ein kommunal kollaps i 2030, sa Krogsæter. Foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Det var den klare meldinga Åslaug Krogsæter, kommunedirektør i Stad, hadde til politikarane i finansutval og formannskap før debatten om neste års budsjett og økonomiplan for den komande fireårsperiode starta.