Paul Jacob Helgesen (Sp):

– Eit realistisk budsjett

– Vi har brukt mange timar på å gå gjennom budsjett og økonomiplan. Vi skyv på nokre inntektsmogelegheiter, og gjer ein del endringar som vi meiner er til beste for innbyggarane.

Partirøystene: Senterpartiet sitt gjennomarbeida forslag til budsjett for 2022 og økonomiplan for 2022-2025, fekk partiet sine tre røyster. Betty Hessevik, Paul Jacob Helgesen og Stein Inge Torheim (på skjerm) røysta for. Foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Det seier Paul Jacob Helgesen, gruppeleiar i Stad Sp som understrekar at partiet ikkje vil auke promillesatsen for private i 2022, slik kommunedirektøren føreslår. Heller ikkje innføre eigedomsskatt på næring før tidlegast i 2024.