Erling Sande (Sp):

‒ Venstre røysta for mindre pengar til kommunane

‒ Då Stortinget sist fredag vedtok budsjettramma for kommunane for 2022, røysta partiet Venstre samla for eit framlegg som mellom andre ville gitt Stad kommune 5,4 millionar mindre i overføringar.

Erling Sande, stortingsrepresentant for Senterpartiet, stiller seg undrande til at Venstre røysta for ei lågare økonomisk ramme til landets kommunar enn det regjeringa føreslo, og som regjeringa fekk fleirtal for i Stortinget sist fredag.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det seier Erling Sande, stortingsrepresentant for Senterpartiet i Sogn og Fjordane, som har problem med å forstå kva partiet Venstre eigentleg ønskjer når det gjeld kommuneøkonomi.