Populært med matpakkar under juletreet

(NPK): Folk kjøper lokalmat som aldri før, og den store trenden i år er rett og slett å gi matpakke til jul. Handelsstanden og produsentane trur det vil liggje mykje kortreist mat og drikke under juletreet i år.

Lokalmat som julegåver er den store trenden i år. Røyland Gård. 

Nyhende

Tal frå Stiftelsen Norsk Mat som nyleg vart offentleggjort, viser at butikkane har selt lokalmat for 6,8 milliardar det siste året, noko som er ein auke på heile 14, 4 prosent.