Politihelga: Jenter hengande ut av bilvindauge i fart, slosskamp og fyllebråk

Jenter hengande ut av bilvindauge i fart, slosskamp og fyllebråk. Det vart ein hektisk laurdag for politiet i Nordfjord.

Politiet fekk ein travel laurdag.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

- Laurdag ettermiddag fekk vi melding om at eit køyretøy køyrde rundt i Nordfjordeid sentrum med to ungjenter hengande ut av vindauget. Det er tydeleg dei ikkje tenkjer på konsekvensane, fortel innsatsleiar Roger Gundersen i politiet i Nordfjord.