Ny avtale med julenissen - han kjem kvar laurdag til Nordfjordeid

Trass i travle førjulstider har julenissen sagt ja til å kome til Nordfjordeid kvar laurdag før jul.

Nordfjordeid har fått ordna ei avtale med julenissen, som vil kome kvar laurdag framover. For fleire born var det ei stor glede å få møte sjølvaste julenissen.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Allereie i går var sjølvaste julenissen på plass, og ungane stimla saman for å møte han. Fleire hadde også med seg ønskjelistene sine som dei fekk levert til han.