Utforkøyring med ung mann - mistanke om ruskøyring

Ein bil køyrde utfor vegen på Rv 15 på Haugen i Stad fredag kveld.

Det er mistanke om ruskøyring etter at ein bil køyrde utfor vegen på Haugen fredag kveld.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

- Dette var ein ung mann mellom 18 og 22 år som køyrde bilen. Vi mistenkte ruspåverka køyring, og han vart tatt med for å bli tatt blodprøve av, fortel innsatsleiar Roger Gundersen.