Budsjett i ei krevjande tid

Ap vil sjølvsagt vere konstruktive med tanke på å få fleirtal for eit budsjett i kommunestyret 16. desember som er best mogleg for flest mogleg.

Varaordførar for Stad Ap, Siri Sandvik og lokallagsleiar Judit Kvåle.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende


Dette er den tida på året det er aller minst kjekt å vere lokalpolitikar. Som politikar vil ein vere med å utvikle, det vert alltid meir krevjande når økonomien er stram.

Alle utvala har no behandla budsjett og økonomiplan denne veka, alle har teke heile kommunedirektøren si innstilling til vitande i ei eller anna form. Dei fleste til og med samrøystes.

Vi må ta inn over oss realitetane. Det er ei betydeleg økonomisk utfordring vi har i kommunen no, og verre blir det i åra som kjem. Dette er ikkje noko som går over av seg sjølv, og det tek vi på det største alvor. Enten må utgiftene kuttast betydeleg, eller så må inntektene aukast betydeleg, eller ein kombinasjon av desse. Vi har fått ny Regjering, og vi har forventningar til styrking av kommuneøkonomien. Men det vil likevel ikkje vere i nærheten av nok, vi må uansett ta grep sjølve.

Vi som folkevalde har ansvar for å yte gode tenester til alle innbyggjarar. Det vi høyrer no er at vi nærmar oss eit punkt der vi ikkje klarer nettopp det lenger.

Vi i Arbeiderpartiet har brukt mykje tid og mange drøftingar på å lande kva vi meiner er det beste å gjere i høve budsjett. Den største diskusjonen går på tenester versus eigedomsskatt.

Det er gode argument for at vi no må ta ansvarlege grep og auke inntektene ved å utvide eigedomsskatt til også å gjelde næringseigedomar. Og det er argument for å ikkje gjere det.

Det er kanskje likevel 0,5 promille auke på privatbustader som er det som smertar oss aller mest, då det kan ramme dei som har aller minst frå før.

Så er vi redde for å ramme næringslivet unødig hardt. Nabokommunane våre har alle eigedomsskatt på næring. Vi har ikkje sett nokon tal som viser lågare aktivitet eller færre etableringar der enn her i Stad. Og det er vel heller ikkje slik at mange bedrifter flyttar frå td Måløy til Selje fordi vi ikkje har eigedomsskatt.

Arbeiderpartiet er fullt klare over kor viktig næringslivet er for kommunen, og kor viktige arbeidsplassar dei bidreg med. Og vil vil vere med å legge til rette for næringslivet også framover.

Fellesnemnda starta forarbeidet til ein næringsplan for Stad kommune, der mange næringsaktørar var intervjua. I Strategisk Næringsplan står det: Næringslivet ønsker at kommunen skal ha ei brei tilnærming til næringsutvikling, med fokus på tilbod og tenester som aukar bu-, besøks- og næringsattraktiviteten. Av konkrete punkt står gode tenester som skule, barnehage, eldreomsorg og kulturtilbod høgt oppe på lista. Eigedomsskatt står lengre nede på lista. Dette er også verd å ta med seg.

Så til noko som har blitt referert til i fleire samanhengar, nemleg samarbeidsavtalen mellom Venstre, Arbeiderpartiet og Høgre. Det er for så vidt internt mellom våre tre parti, men likevel relevant for saka.

Denne avtalen har vore og er viktig for oss, og vi er glade for at vi inngjekk den. Det er imidlertid over to år sidan avtalen vart inngått, og ein del forutsetningar har endra seg såpass mykje at det uansett ikkje blir mulig å innfri alt.

Det er heilt rett eit punkt som seier at det ikkje skal innførast eigedomsskatt på næring i perioden.

Men det er også punkt som seier at eldreomsorga skal styrkast, at vi skal ha nok fagutdanna tilsette i skular og barnehagar, at vi skal styrke arbeidet med psykisk helse særleg hos barn og unge, og at vi skal styrke rammevilkåra for frivillege lag og organisasjonar.

Slik situasjonen er no, meiner vi det ikkje er mulig å oppnå alle desse punkta, og då meiner vi at dei punkta i avtala som går på tenester til innbyggarane er dei viktigaste. Noko som også vil komme næringslivet til gode.

Det er no vi må vere ansvarlege og ta grep på kort og lang sikt, på inntektssida og på utgiftssida.

I denne krevjande situasjonen kjem ikkje vi i Ap til å levere eit eige budsjettframlegg. Vi vel å støtte Kommunedirektøren sitt heilheitlege framlegg. Dette er ikkje på nokon måte eit perfekt framlegg, men vi vurderer at det er dette som i størst grad ivaretek heilheten.

Så vil sjølvsagt Ap vere konstruktive med tanke på å få fleirtal for eit budsjett i kommunestyret 16. desember som er best mogleg for flest mogleg.