Bil køyrde på hjort og hamna utfor vegen

Ein bil i Hennebygda køyrde fredag morgon på hjort og hamna utfor vegen.   Foto: arkiv

Nyhende

Vest politidistrikt fekk fredag klokka 08:47 melding om ein bil i Hennebygda som hadde køyrt på ein hjort og så hamna utfor vegen. Sjåfør, ei kvinne i 50-åra, skal vere uskadd.

Det vert opplyst at det er ein del skadar på bilen, men bilen skal vere køyrbar og kjem seg difor til verkstad for eigen maskin.

Vest politidistrikt meldte først at hjorten er død etter påkøyrselen. Viltnemnda er varsla. 09:34 meldte dei derimot at hjorten er påført skade i kollisjonen, og viltnemnda søkjer etter dyret.

Det vert ikkje oppretta sak, melder Vest politidistrikt.