Bebuar på Hogatunet og fleire elevar har fått påvist smitte

Fredag ettermiddag er det klart at ein bebuar ved Hogatunet har fått påvist covid-19 etter testing. I tillegg har også to elevar ved Nordfjordeid skule fått påvist smitte.

Denne veka har fleire personar i Stad fått påvist smitte, både ved Hogatunet og ved Nordfjordeid skule.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Tidlegare i veka vart det klart at ein tilsett og fire bebuarar på avdelinga Fossen ved Hogatunet bu – og behandlingssenter hadde fått påvist smitte. Fredag er det klart at det ein ny bebuar ved same avdelinga på Hogatunet bu – og behandlingssenter har fått påvist covid-19 etter testing med PCR.

No er det altså fem bebuarar og ein tilsett som har fått påvist covid-19 på Hogatunet, kjem det fram i ei pressemelding.

Ifølgje Stad kommune er det ikkje funne fleire nye smittetilfelle blant bebuarar eller tilsette etter testing.


Ein tilsett og fire bebuarar har fått korona

Ein tilsett og fire bebuarar har fått korona ved ei avdeling på Hogatunet bu- og behandlingssenter har fått påvist covid-19.



Kommunalsjef etter smitteutbrot på institusjon:

‒ Det er ikkje grunnlag for uro knytt til korleis vi handterer situasjonen

‒ Personale i alle avdelingar på Hugatunet brukar munnbind i nærkontakt med pasientane. Personale tek og hurtigtestar og er heime om dei har symptom.


Smitte på skule

Tidlegare denne veka vart det også kjent at fire elevar ved Nordfjordeid skule var smitta. Dette var to elevar i klasse 6A, ein elev i klasse 3B og ein elev i klasse 1C.


Tolv nye smitta – fire av dei er elevar på Nordfjordeid skule

Tolv personar i Stad er smitta av covid-19, fire av dei er elevar ved Nordfjordeid skule, bekreftar kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.


Onsdag kveld og torsdag har ein ny elev i klasse 6A og ein ny elev i klasse 3B fått påvist smitte etter testing. Medelevar i dei aktuelle klassane skal framleis observerast, og testast og haldast heime om dei utviklar symptom.

Ein av elevane som no har fått påvist covid-19 har også vore på SFO dei siste dagane. Stad kommune oppmodar føresette til elevar også på SFO om å vere merksame på symptom i tida framover, ha låg terskel for å teste barna og halde dei heime om dei utviklar symptom.

Enkelte miljø

Ifølgje pressemeldinga har ein i løpet av dei siste dagane avdekka mindre utbrot av smitte i enkelte miljø.

I tillegg har det over tid vore nokre enkelttilfelle av smitte i Stad. Desse vert følgt opp vidare.

Ifølgje pressemeldinga er det ikkje haldepunkt for utbreidd «villsmitte» i lokalmiljøa i kommunen, men smitten kan finne ulike vegar og at også fullvaksinerte kan bli smitta. Ein må vere budde på at covid-19-smitte i noko grad vil finnast i kommunen i tida framover. Difor er det viktig å teste seg og halde seg heime ved symptom, både uvaksinerte og fullvaksinerte. På denne måten kan mogeleg covid-19-smitte oppdagast tidleg og ein kan førebygge vidare spreiing av viruset.

Dei nasjonale anbefalingane og reglane er gjeldande i Stad kommune.