Aukande smitte - 96 positive prøver

Helse Førde melder at 96 av dei 497 analyserte prøvene så langt denne veka er positive. I tillegg er fire pasientar med stadfesta covid-19 smitte innlagde på sjukehus i Helse Førde.

Helse Førde melder om 96 nye positive prøver så langt denne veka.   Foto: arkiv

Nyhende

Fredag 3. desember kom Helse Førde med ny oppdatering på smittetala. Mellom måndag og torsdag denne veka har Helse Førde analysert 497 prøver og 96 av desse er positive, viser dei oppdaterte tala.

Helse Førde opplyser ikkje kvar dei 96 positive prøvene er tatt.

Fleire enn sist veke

Samanlikna med same tidspunkt sist veke har tal på positive prøver auka. Fredag 26. november meldte Helse Førde om 54 nye positive prøver mellom måndag 22. november og torsdag 25. november. Helse Førde analyserte totalt 383 prøver i løpet av desse dagane.

Måndag meldte Helse Førde om 38 nye positive prøver i perioden mellom fredag 26. november og måndag 29. november. Helse Førde har i løpet av desse dagane analysert 279 prøver. Dette betyr at sist veke, har Helse Førde analysert totalt 662 prøver og 92 av prøvene var vore positive.

Dette betyr at det så langt denne veka er meldt om fleire positive prøver enn heile sist veke, samtidig som det er analysert færre prøver.

Kommunane i Helse Førde sitt området vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøver som vert tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Mange testar seg også no berre ved hjelp av hurtigtestar, og det vil difor vere mørketal. Likevel viser tal positive prøver frå Helse Førde ein trend.

Fire koronapasientar

Helse Førde sine oppdaterte tal viser også at fire pasientar med stadfesta covid-19 smitte er innlagde på sjukehusa i Helse Førde.

Sist fire paseintar med stadfesta covid-19 smitte var innlagde på sjukehusa i Helse Førde er ifølgje VG sine tal 4. april 2020.

RS-virus

Talet på pasientar med RS-virus som er inneliggande pasientar er to. I tillegg får ein pasient poliklinisk behandling.