Norled tek over Kystvegekspressen

(NPK): Norled har vunne anbodskontrakten om hurtigbåtdrift mellom Selje, Måløy og Florø, ofte kalla Kystvegekspressen.

Norled har vunne anbodskontrakten om hurtigbåtdrift mellom Selje, Måløy og Florø.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Kontraktsperioden startar 1. mai 2024 og varer til 30. april 2025, med moglegheit for oppstart noko tidlegare. Det ligg òg ein opsjon på fire nye år i kontrakten frå Skyss. I dag er det Fjord1 som drifter ruta.