Kraftig skjerping av koronatiltaka

Regjeringa innfører fleire påbod i Oslo-området for å få bukt med omikron-smitten, medan folk i resten av landet får skjerpa råd om å halde avstand.

Arbeidsplassar over heile landet blir tilrådde å bruke heimekontor der dei kan, lyder rådet frå helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).   Foto: Annika Byrde/ NTB /NPK

Nyhende

– Vi innfører koronatiltak på tre nivå. Det blir regionale tiltak for kommunane som er særleg ramma av smitte, det blir skjerpa tiltak for innreisande til Noreg og nasjonale tiltak som gjeld for heile Noreg, sa statsminister Jonas Gahr Støre på ein pressekonferanse torsdag.