Kan bli Fjorduniversitet eller Universitet i Vest

(NPK): Fjorduniversitetet, Universitetet i Vest og Ivar Aasen universitet er tre av meir enn 130 namneforslag som er kome inn i samband med at Høgskulen på Vestlandet førebur seg på å bli universitet.

Høgskolen på Vestlandet, campus Sogndal.   Foto: Tove Takvam Uglum / HVL

Nyhende

Om eit års tid sender høgskulen søknaden om å bli det nye profesjons- og arbeidslivsretta universitetet på Vestlandet. Arbeidsgruppa for namneprosessen peikar no på fire moglege namn på det nye universitetet: Universitetet på Vestlandet, Universitetet i Vest, Vestlandsuniversitetet og Fjorduniversitetet.