Kommunedelplan for Sjøareal i Stad

Fem prosjekt ut på ny høyring

Tysdag denne veka vedtok Utval for areal og eigedom å sende oppdaterte planar, føresegner og oppdatert konsekvensutgreiing for næringsområde på Flatraket, Moldestad, Kjøde, Eide og Lesto på avgrensa høyring.

ORIENTERING: Hanne Marie Utvær, prosjektleiar for Kommunedelplan for sjøareala i Stad kommune, assisterande kommunedirektør Kristine Dahl og dagleg leiar i Stad Eigedomsutvikling, Svein Otto Melheim, orienterte politikarane i Utval for Areal og eigedom og Utval for Kultur, idrett, samfunn og næring om planane for utvikling av næringsareal i samband med bygginga av Stad Skipstunnel.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

– Bakgrunnen for saka er, som grundig omtalt i Fjordabladet 26. november, at statsforvaltaren krev at kommunen har ei overordna tilnærming til korleis massane frå Stad skipstunnel skal handterast. Vidare at avklaringa av tiltaka må følgje utgreiingskrava i mellom anna plan- og bygningslova og nasjonale føringar for arealforvaltning.