Catwalkshow i Operahuset for første gong

I januar 2022 vert foajeen i Operahuset Nordfjord forvandla frå gang og kantine til ein catwalk.

CATWALK: Julia Kröner Venø set opp catwalkshowet «STRIKKET!» i Operahuset Nordfjord i januar i 2022. Operahusleiar Geir Holmen er klar som ein av modellane. I tillegg skal barn, ungdom og eldre gå ned catwalken.   Foto: olin maria yri

Nyhende

Julia Kröner Venø, tysk motedesignar, lærar og kunstnarisk leiar for «Strikket!» sat opp catwalkshow på Stad Hotell på Leikanger i august i år. Begge dagane var det stinn brakke, og folk tok turen for å få med seg både dei mange lokale modellane og sjølve catwalken. Lokale musikarar bidrog med tradisjonell norsk folkemusikk med eksperimentelt arrangement for catwalkshowet.