Åtvarar mot folk som ringer og utgjer seg å vere politiet

Vest politidistrikt går no ut og åtvarar mot folk som ringer og utgjer seg for å vere politiet. - Det er svindel, påpeikar det ekte politiet.

ÅTVARAR: - Om nokon frå Austlandet ringer og seier dei er frå politiet, så ønsk vedkomande god jul og legg på, oppfordrar politiet.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Dei har siste tida fått meldingar på telefon frå folk som er oppringt av "politiet" på Austlandet. Der blir det opplyst at bankonto er hacka/tappa og ein blir bedt om å oppgi personalia og passord.