Tolv nye smitta – fire av dei er elevar på Nordfjordeid skule

Tolv personar i Stad er smitta av covid-19, fire av dei er elevar ved Nordfjordeid skule, bekreftar kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.

Onsdag er det klart at tolv personar har testa positivt for covid-19.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Onsdag vart det klart at ein tilsett og fire bebuarar ved ei avdeling på Hogatunet bu – og behandlingssenter har fått påvist korona etter hurtigtest. Smittevegen er så langt uavklart.


Ein tilsett og fire bebuarar har fått korona

Ein tilsett og fire bebuarar har fått korona ved ei avdeling på Hogatunet bu- og behandlingssenter har fått påvist covid-19.


12 smitta

Onsdag ettermiddag er det klart at totalt tolv personar har fått stadfesta covid-19 smitte etter eit arrangement på Nordfjordeid 25. november, kjem det fram i ei pressemelding frå Stad kommune. Den opphavlege smittevegen er usikker, og har ingen kjent kopling til smitte ved Hogatunet.

Tysdag ettermiddag fekk fem personar på Nordfjordeid påvist covid-19 ved bruk av hurtigtest. Desse fem er i same husstand, og i løpet av kvelden og onsdag ettermiddag har ein kartlagt og testa nærkontaktar.

Familien deltok på eit arrangement på Nordfjordeid torsdag 25. november, og alle deltakarane har blitt kontakta og blitt oppmoda om å teste seg med hurtigtestar frå kommunen. Dei fleste som har deltatt er no testa, og ytterlegare sju personar har fått påvist smitte. Dette betyr altså at til saman har 12 personar fått påvist smitte.

Blant dei smitta er det to elevar i 6A, ein elev i 3B og ein elev i 1C ved Nordfjordeid skule.

Samfunnet er i stor grad gjenopna etter at dei fleste vaksne og ungdommar har blitt vaksinerte og beskytta mot alvorleg sjukdom. Covid-19 er generelt lite farleg for barn og unge, og dei tilsette i skulen er i stor grad vaksinerte og beskytta. Kvardagen i skule og barnehage held i stor grad fram som normalt, melder Stad kommune i pressemeldinga.

Ikkje pålagt karantene

Medelevar i dei aktuelle klassene er ikkje pålagt karantene og kan halde fram i skule og barnehage som normalt så lenge dei er symptomfrie.

Det er anbefalt at alle barna i klassen vert testa ein gong med heimetest (hurtigtest). Ved negativ hurtigtest, kan dei leve som normalt. Vidare skal føresette følgje nøye med på barna sin helsetilstand dei neste ti døgna. Ved symptom skal barna haldast heime og teste seg på nytt.

Teste seg

I tida framover ber Stad kommune alle innbyggjarar, både uvaksinerte og fullvaksinerte, om vere nøye med å halde seg for seg sjølve og teste seg med heimetest (hurtigtest) ved teikn til luftvegsinfeksjon. På denne måten kan mogeleg covid-19-smitte oppdagast tidleg og ein kan førebygge vidare spreiing av viruset.

Smittesituasjonen i kommunen gir ikkje grunnlag for lokale tiltak utover gjeldande nasjonale råd og retningslinjer.

Tysdag kom regjeringa med nye nasjonale tiltak og anbefalingar, dei kan du lese om her:


Dette er dei nye tiltaka og anbefalingane

Regjeringa innførte tysdag nye nasjonale tiltak og anbefalingar på grunn av at smitten i det siste har auka i heile landet.