Markerte 30 år for Nordfjord familiekontor

Store endringar for familien

I dag har Nordfjord familiekontor markert 30 år med kontor på Nordfjordeid. På desse 30 åra har familien gått gjennom store endringar.

Tilsette ved familiekontoret og samarbeidspartnarar. På benken framme (f.v.): Styreleiar Klaus Iversen, Leiar Familiekontoret i Nordfjord Per Ståle Husevåg, Familieterapeut Marita Nistad. Bak f.v.: Eva Gimmestad, Nordfjord Psykiatrisenter, Ordførar i Stad Gunnar Silden, Spesialist i Familiepsykologi Karen-Merete Bruland, Avd.sjef politiet Nordfjord Tormod Hvattum, Direktør for familievern Bufetat Reg. Vest, Stig-Arne Thune, Familieterapeut Per-Arild Alsaker, Barnevernleiar i Stryn Rita Veamyhr, Leiar for Familiekontora i Sunnfjord og Sogn, Mari C. Jonstad Baardsen. Bak f.v.: Eva Gimmestad, Nordfjord Psykiatrisenter, Ordførar i Stad Gunnar Silden, Spesialist i Familiepsykologi Karen-Merete Bruland, Avd.sjef politiet Nordfjord Tormod Hvattum, Direktør for familievern Bufetat Reg. Vest, Stig-Arne Thune, Familieterapeut Per-Arild Alsaker, Barnevernleiar i Stryn Rita Veamyhr, Leiar for Familiekontora i Sunnfjord og Sogn, Mari C. Jonstad Baardsen. 

Nyhende

Markeringa fann stad med lunsj og taler på Nordfjord hotell. Til stades var tilsette på kontoret, samt inviterte gjester som familiekontoret har nært samarbeid med. Det var frå Bufetat Region Vest, Nordfjord Psykiatrisenter, barnevern, politi og helsestasjon. Til stades var også ordførarar i Stad kommune, Gunnar Silden.