Ein tilsett og fire bebuarar har fått korona

Ein tilsett og fire bebuarar har fått korona ved ei avdeling på Hogatunet bu- og behandlingssenter har fått påvist covid-19.

Ein tilsett og fire bebuarar har fått korona ved Hogatunet på Nordfjordeid.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Tysdag ettermiddag fekk ein tilsett ved ei avdeling («Fossen») på Hogatunet bu- og behandlingssenter påvist covid-19 etter hurtigtest. Den tilsette er fullvaksinert og testa seg som anbefalt på grunn av milde symptom, opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.

Hurtigtesta

Tysdag kveld vart andre tilsette og alle bebuarar ved den aktuelle avdelinga testa med hurtigtestar. Fire bebuarar har fått påvist smitte ved hurtigtest. Ingen andre tilsette har fått påvist smitte. Alle dei smitta er fullvaksinerte og har i liten grad symptom på infeksjon.

Onsdag vert det gjort vidare kartlegging med PCR-testing, opplyser Stad kommune.

Kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld opplyser at det er innført forsterka smitteverntiltak i avdelinga der det er oppdaga smitte.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Forsterka smitteverntiltak

- Det er innført forsterka smitteverntiltak i avdelinga og saka vert følgt opp i samsvar med rutinar frå Folkehelseinstituttet. Til saka er nærare avklart vil det vere mellombels restriksjonar for besøk i avdelinga. Det er ikkje mistanke om covid-19-smitte ved andre avdelingar, men situasjonen vert følgt tett med lav terskel for testing ved sjukdomsteikn, fortel Vingen Vedeld.

Smittevegen i saka er så langt uavklart.

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar, også fullvaksinerte, til å vere nøye med å halde seg for seg sjølve og teste seg med heimetest (hurtigtest) ved teikn til luftvegsinfeksjon. Dette er det aller viktigaste tiltaket for å halde kontroll på pandemien og beskytte andre.