‒ Fullstendig feil tolking

‒ Tanken er slett ikkje å nekte nokon å flytte hit, understrekar Gunvald Ludvigsen (V) 

Nyhende

‒ Lars Svein Drabløs har tolka spørsmålet mitt fullstendig feil. Det som ligg i spørsmålet er slett ikkje at ein vil nekte folk å flytte hit. Tanken bak spørsmålet var om den kommunen vedkomande flyttar frå har noko økonomisk ansvar i det året vedkomande flyttar, seier Gunvald Ludvigsen, som er lei seg for at han er blitt misoppfatta.