Del dine advent- og julebilde med oss

Del dine bilde med oss gjennom desember.

Fjordabladet har allereie pynta litt til jul, og no ønskjer vi at våre lesarar skal dele sine bilde frå adventstida, desember og jula.   Foto: OLIN MARIA YRI

Nyhende

Har du begynt å pynte til jul, kanskje både inne og ute? Har du eller skal du lage julekaker? Skal du ha juleverkstad? Kanskje du har laga snømann eller englar i snøen?

Del dine advent- og julebilde med oss gjennom heile desember, så vil vi dele dei på Fjordabladet sine nettsider og i papiravisa.

Det er låg terskel for å sende inn, og Fjordabladet ønskjer stort sett alt som kan skape julestemning og juleglede – alt frå lys, nissar, pynt, mat og bakst, julepakkar, familie og venner, og hygge.

Bruk anten taggen #fjordabladetsjul eller taggen #fjordabladet på Instagram, eller send dine bilde med ein liten bildetekst og fotograf til olin.yri@fjordabladet.no eller redaksjon@fjordabladet.no.

Det er låg terskel for å sende inn, og Fjordabladet ønskjer stort sett alt som kan skape julestemning og juleglede.   Foto: OLIN MARIA YRI

Fjordabladet takkar alle lesarane som sender inn sine bilde.