Lars-Svein Drabløs:

‒ Den gongen sa eg nei, sjølv om eg visste betre

Det mest flammande innlegget for eigedomsskatt kom frå leiaren i Stad eldreråd, Lars Svein Drabløs, mest kjend som mangeårig Frp-politikar.

Leiaren i eldrerådet, Lars Svein Drabløs, fortel at han får veldig mange telefonar frå pårørande som bur andre stader i landet, som er bekymra for situasjonen i Stad kommune.    Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Drabløs viste til den gongen då Eid kommune innførte eigedomsskatt på privatbustader frå 2014, og der han sjølv som Frp sin representant i Eid kommunestyre stemde imot. Innføringa av eigedomsskatt vart gjort for å kunne realisere Hogatunet bu- og rehabiliteringssenter.