Erling Bjørlo har utvikla ei ny, unik handtørkemaskin

Gründer og oppfinnar Erling Bjørlo har utvikla ein handtørkemaskin som kan få stor betydning for korleis vi vaskar og tørkar hender.

NYVINNING: Det er Erling Bjørlo som sjølv hadde ideen til nyvinninga der ein prototype no er under uttesting. Han har Solveig Midtbø med som dagleg leiar i selskapet. Foto: Sara Midtbø 

Nyhende

Bjørlo er hovudaksjonær i selskapet Smart Cleaner AS, og maskina er patentert i Norden. Med seg som dagleg leiar har han Solveig Midtbø og rekneskapsførar Sverre Solibakke, som begge har mindre aksjepostar. Midtbø fortel at dei har fått forskings- og utviklingsmidlar til prosjektet, og at Hans Johan Breidablik er prosjektleiar for eit utprøvingsprosjekt ved HVL, Campus Førde.