Kommunedelplan for sjøareal i Stad kommune

Legg opp til ny avgrensa høyring

Kommunedirektøren i Stad tilrår at endra forslag til kommunedelplan for sjøområda for Stad kommune vert sendt ut på ny avgrensa offentleg høyring. Saka skal handsamast av Utval for areal og eigedom komande tysdag.
Nyhende

Den avgrensa høyringa gjeld for dei endringane som er gjort i planen, og omfattar også føresegner og oppdatert konsekvensutgreiingar for Flatraket, Moldestad, Kjøde, Eide og Lesto.