Inviterer til høgdepunkt på rekke og rad

Operahuset Nordfjord har eit fullspekka program no i førjulstida – med høgdepunkt på rekke og rad.

SVANESJØEN: Svanesjøen i Operahuset er utseld, med venteliste.  Foto: Pressefoto

Nyhende

Først ut er Svanesjøen fredag 25. november, der billettane vart rivne vekk. Det er St. Petersburg Festival Ballet som presenterer Svanesjøen, ein av dei aller mest populære ballettane i verda. Her vert du lova eit komplett kunstverk, med nydeleg musikk og djupt rørande historie.