– Eg er kjempegira

Alpinist Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) har vore skadd under sesongoppkøyringa, og har måtte trene alternativt. For rundt ei veke sidan fekk alpinisten frå Nordfjordeid klarsignal, og søndag står ho på start i sesongens første europacuprenn. – No er eg smertefri, og veldig gira på å kome i gong, seier Andrine.

SESONGOPNING: Andrine Englund Mårstøl er klar for sesongstart i europacupen denne helga. Målet for sesongen er å sjå toppen i alle fall mot slutten av sesongen.   Foto: privat

Nyhende

Denne helga brakar det laust. Då står alpinistane på start i det første europacuprennet for sesongen. Rennet skulle eigentleg ha gått av stabelen i Trysil, men på grunn av at det er lite snø i Norge for tida, har det blitt flytta til Austerrike.