Marilyn Osmundsvåg, utvalsleiar for Helse og omsorg, om budsjettet 2022 og økonomiplan 2022-2025:

– Det blir utfordrande framover

‒ Ser vi isolert på budsjettkutt på fire millionar kroner som er føreslått i 2022, så er det mogleg å få til i og med at ein del av kutta/innsparingane allereie er gjort.

UTVALSLEIAR: Marilyn Osmundsvåg (V), utvalsleiar i Helse- og omsorgsutvalet i Stad kommune, har god tru på at ein skal kome i mål med dei innsparingane på 4. millionar i 2022. – Dei store utfordringa ligg i innsparingane som ligg i økonomiplanen i åra etter 2022, seier ho.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det seier Marilyn Osmundsvåg (V), utvalsleiar i Helse- og omsorgsutvalet, som meiner innsparing gjennom det sokalla omstillingsprosjektet i økonomiplan 2022–2025 (sjå sidesak) vil bli svært utfordrande.