Meiningar

Om Lestovika i Stad kommune

Lestovika.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Eg har registrert at det vert nytta argument om at det ikkje er interesse frå nokon for at Stad kommune skal bruke kommunale midlar til å opparbeide fiskerihamn og industriområde i Lestovika i Stad kommune. Det vert også påstått at dette vert altfor kostbart.

Åge Starheim ber om at det må bli slutt på påstandane om at fiskarane ikkje er interesserte i at det skal byggast kai i Lestovika. 

Eg tok kontakt med fiskar Ola Austring frå Moldefjorden for å høyre med han om fiskarane ikkje var interessert i at Lestovika skal opparbeidast til fiskerihamn.

Ola Austring har arbeidt på sjøen mesteparten av sitt liv. Han har hatt ansvaret for store skip/båtar som har hatt sitt virke på mest alle verdens hav, og han har vore sjarkfiskar i mange år. Etter mi meining må Ola Austring inneha særdeles god maritim kompetanse.

Ola Austring kunne fortelle meg at han og andre fiskarar frå Selje har i mange år vore aktive gjennom Selje fiskarlag, gjennom Sogn og Fjordane fiskarlag og som sjølvstendig fiskar for å få opparbeidd/utbygd Lestovika som fiskerihamn. Han viser til at det på 80-talet var planlagt fiskerikai i Lestovika. Desse planene var etter fiskarane si meining svært tilfredsstillande, men dei vart aldri gjennomførte.

Sogn og Fjordane fiskarlag har sendt eit brev, datert 30.082021 til Stad kommune, der dei gjentek sitt ønskje om opparbeiding av kai i Lestovika. Dette brevet må finnast i arkivet til Stad kommune, og eg ber dykk lese dette grundig, slik at det vert slutt på påstandane om at fiskarane ikkje er interessert i at det skal byggast kai i Lestovika.

Ola Austring kunne også fortelle meg at han saman med ein annan person hadde gjort seg nytta av ordførar Gunnar Silden sitt tilbud om at ordføraren kunne treffast på kommunehuset i Selje for dei som ønskte å snakke med han. Desse to personane møtte ordfrørar Gunnar Silden fredag 12.11.21. Det var to ting dei ønskte å snakke med ordføraren om. Det var ønskje frå fiskarane om kai i Lestovika og framkomne planer for utbygging av kai og industriområde i Hamreosen.

Ola Austring fortalde meg at dei hadde uttrykt overraskelse over å registrere at planer for utbygging av hurtigbåtterminal i Hamreosen på nytt var kome fram. Dei meinte at dette hadde vore omsnakka tidlegare, men vart lagt bort på grunn av at ein forstod at det ikkje ville vere forsvarleg å ha kai/hurtigbåtterminal i dette området. Dette på grunn av umulige verforhold.

Ola Austring hadde spurd ordføraren kvifor dei ikkje hadde kontakte kompetente personar i Selje for å forhøyre seg om det var forsvarleg å legge hurtigbåtterminal i Hamreosen. Hadde kommunen gjort det ville dei etter Austring si meinig fått klare tilbakemelding om at det vil vere «galskap» og uforsvarleg å legge hurtigbåtterminal i Hamreosen, ein uttale også Austring stilte seg bak.

Eg vil be om at du tek med deg dette innspelet i det vidare arbeidet med å nyttiggjere seg av steinmassene frå Stad skipstunnel.

Slik som situasjonen er i ytre del av Stad kommune, og spesielt i Selje-området er det heilt avgjerande at kommunen medverkar til å skape nye/fleire arbeidsplassar. Dersom ein i fellesskap ikkje ikkje medverkar til dette er eg stygt redd for at vi om nokre år berre har pensjonistar igjen i dette området.

Selje, 15.11.21

Åge Starheim

(Dette er eit skriv som er sendt frå Åge Starheim til assisterande kommunedirektør Kristine Dahl i Stad kommune)


Selje i utvikling

Det kan bli kaianlegg ved Hamreosen

Tysdag inviterte Stad kommune og Stad Vekst til ope møte på Stad hotell der tema var næringsutvikling gjennom masseplassering.



Kristine Dahl, assisterande kommunedirektør:

– Vi byrjar å få dårleg tid

‒ Det viktigaste vi skal gjere framover no er å støtte om dei aktørane som ønskjer å nytte seg av den moglegheita Stad Skipstunnel opnar opp for, og som har kome med innspel til prosjekt dei ønskjer å starte opp med i samband med skipstunnelen blir prosjekterte, regulerte og finansierte.