Gir deg julegåvetips

Fjordabladet har vore ein kjapp runde innom nokre av butikkane på Nordfjordeid, for å høyre om årets trendar og gode tips om nyttige og kjekke gåver, som vi kan legge under årets juletre.

UNIK JULEBUTIKK: Vil du ha julestemning i juli – eller november, kan du ta turen til Synnøve Fagerstrand i gåvebutikken Monrad Johnsens Eftf. Der inviterer dei kundane til julebutikk heile året.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Den mest julete butikken på Nordfjordeid er utan tvil gåvebutikken Monrad Johnsens Eftf. i Eidsgata. Her er ein stor del av lokalet heile tida øyremerka ting som vi knyter til den store julehøgtida.