Blaksettunnelen opnar neste tysdag

No er det klart for opning av tunnel mellom Stryn og Stad. Blaksettunnelen har fått mellombels bruksløyve og opnar tysdag 30. november for trafikk.

Blaksettunnelen opnar 30. november.   Foto: Arve Fjellkårstad/Vestland fylkeskommune

Nyhende

– Det har vore ein lang veg fram, men no er vi berre veldig glade og letta. Vi unner innbyggjarane i Stryn denne julegåva, skriv prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i ei pressemelding.