Tilrår å gje rivingsløyve

WIESELADA.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Kommunedirektøren i Stad tilrår at det vert gjeve rammeløyve for riving av Wieselada i Alleen 21 på Nordfjordeid. Dette på vilkår av at det vert erklært ansvarsrett for geoteknisk prosjektering av tiltaket dersom rivinga medfører graving i grunnen. Tiltakshavar vert samstundes oppfordra til å vurdere alternativ bruk av bygget i staden for å rive.