Nynorsk er svaret: Sogn og Fjordane best i klassa

Elevar frå kommunar i tidlegare Sogn og Fjordane ligg øvst på lista, poeng på nasjonale prøver. Elevar frå tidlegare Hordaland haustar færre poeng på prøvene. Forsking viser at nynorsken er avgjerande.

SPELAR PÅ LAG: Skulen i Sogn og Fjordane utpeikar seg med unikt felles mål for lærarar, elevar og foreldre. Dette fordi læraren kjem inn i skulen med nynorsk, som ligg tett opp til dialektane som blir snakka. Dette viser omfattande forsking som munna ut i ei bok på over 400 sider tilbake i 2015. Fylket utpeikar seg også med høg tettleik av unge som blir lærarar.   Foto: Arkiv: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Dette viser resultatet frå nasjonale prøver i engelsk, lesing og rekning i åttande klasse hausten 2021/2022. I snitt kjem elevar frå tidlegare Sogn og Fjordane ut med 51,16 poeng samla i dei tre faga. Medan elevar frå tidlegare Hordaland har eit snitt på 49,34 poeng.