Julegåveprosjektet

Mange treng hjelp før jul

Mange treng hjelp til jul, og no går frivillige organisasjonar, handelsstanden og ulike etatar i Stad kommune saman om Julevenn, Juleglede og matkasse til trengande.

JULEVENN: Framme frå v. Gro Gjerdevik frå Alti Nordfjord/Eid Handel, Karoline Hildenes frå NAV Stad, frivillig Camilla Nymark og Maria Helgesen frå Frivilligsentralen Selje. Bak f.v. Astrid Grete Torheim frå Frivilligsentralen Eid, Nanda Maack frå Stad kyrkjelege fellesråd, Arne Seljen frå Hjelpekorpset i Selje, Nyonga Rugumayo Amundsen frå opplæring og integreringstenesta, Anett Oen, bu og miljøtenesta, og Inger Johanne Brekke frå Eid Røde Kors.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Det er ei stor glede å hjelpe dei som treng det no før jul.

Nyhende

– Gi ei julegåve til ein ukjent, oppfordrar Røde Kors, Eid Handel, Alti Nordfjord, Frivilligsentralen i Eid og Selje, NAV Stad, Opplæring og integreringstenesta, Bu- og miljøtenesta og frivillige julenissar.