Lokale private barnehagar stenger onsdag

Læringsverkstedet Eid barnehage og Kjølsdalen Montessoribarnehage stenger onsdag ettermiddag i samband med nasjonal markering mot regjeringa sitt forslag om kutt i tilskot.

Private barnehagar deltek onsdag i ei nasjonal markering mot regjeirnga sitt forslag om kutt i tilskot.  Foto: Arkiv: Tormod Flatebø

Nyhende

- Vi beklagar på det sterkaste alle ekstra ulemper dette fører til for ei allereie hardt pressa foreldregruppe. Vi skulle så gjerne ha aksjonert på ein måte som råka politikarane, og ikkje barn og foreldre. Saka er viktig, og vi skulle ønskje at heile finansieringsordninga for private barnehagar fekk ei skikkeleg handsaming og ein grundig gjennomgang. Å plukke ut pensjonspåslaget og gjere kutt på ein liten del av ein større heilskap, er ikkje rett måte å gå fram på, meiner Anne-Britt Nor, styrar i Læringsverkstedet Eid barnehage på Nordfjordeid.