Gutane betre enn jentene i engelsk

Gutane har gjort det betre på nasjonale prøver enn jentene denne hausten. Den største skilnaden finn ein i faget engelsk.

VINN FRAM: Tradisjonelt har jenter hatt betre karakterar på skulen enn gutane. No er gutane blitt betre i engelsk, og får fleire poeng.  Foto: Arkiv

Nyhende

Nasjonale prøver i Stad kommune, 8. klasse, viser denne hausten at gutane kjem ut med eit gjennomsnitt på 51 poeng, jentene har eit snitt på 49,33 poeng.