Ein raud og ein brun julebrus er best i test

Skal julebrusen vere raud eller brun? Skal den vere med eller utan sukker? Kva julebrus er det eigentleg som er best?

STOR TEST: Oselie Henden (t.v.), Sigve Træen Årskog og Per Ole Lefdalsnes (t.h.) har testa 16 ulike sortar med julebrus, og to sortar med julebrussaft.  Foto: anna wuttudal

Nyhende

Meiningane er som regel delte når det kjem til julebrus. Det kjem gjerne litt an på kvar ein kjem frå i Norge. På Vestlandet er det som regel raud julebrus som gjeld til jul, men er den best? Fjordabladet har samla saman eit panel som består av Oselie Henden, Sigve Træen Årskog og Per Ole Lefdalsnes for å finne ut av nettopp dette.