Stadlandet med i prestisjefull kåring

Stadlandet er ein av fem finalistar i den internasjonale filmkåringa European Film Location of the Year for rolla som planeten Caladan i storfilmen Dune.

Nyinnspelinga av filmen «Dune» har funne stad mellom anna på Stadlandet. Filmen har fleire kjende skodespelarar. No er Stadlandet ein av fem finalistar i den internasjonale filmkåringa European Film Location of the Year.   Foto: TORMOD FLATEBØ/ARKIV

Nyhende

Konkurransen European Film Location of the Year vert kvart år arrangert, der ulike bransjefolk frå mellom anna European Film Market, European Producers Club og Location Managers Guild International vel ut fem nominerte som skal kjempe om å gå til topps i kåringa.