Sju nye positive prøver

Helse Førde melder om sju nye positive prøver dei siste dagane og to innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte.

Helse Førde melder om sju nye positive prøver.   Foto: arkiv

Nyhende

Helse Førde har mellom fredag til søndag analysert 63 prøver og sju av desse har vore positive. Dette viser dei oppdaterte tala til Helse Førde måndag 22. november.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei skal sende koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Mange testar seg også no berre ved hjelp av hurtigtestar, og det vil difor vere mørketal. Tala til Helse Førde viser likevel ein trend.

To koronapasientar

Ifølgje Helse Førde er to pasientar med stadfesta covid-19 smitte innlagde på sjukehusa i Helse Førde.

Ingen av rundt 3000 tilsette i Helse Førde er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona.

RS-virus

Helse Førde opplyser også om at det er to pasientar med RS-virus som er under poliklinisk behandling. Det er fem inneliggande pasientar.