No er vinnaren kåra

Måndag vart det klart kva kommune som er kåra til Årets nynorskkommune 2021.

Stad kommune har vore ein av fire kommunar som har konkurrert om prisen Årets nynorskkommune 2021.   Foto: olin maria yri

Nyhende

Stad kommune, Herøy og Kvinnherad frå Vestland og Ål i Hallingdal som ligg i Viken har konkurrert om å bli kåra til Årets nynorskkommune 2021. No er det klart at det er Ål, som ligg i eit område der nynorsk ikkje er eit sjølvsagt språkval, som er kåra til Årets nynorskkommune 2021 av Språkrådet.