Heimflyttarar

Heim til Nordfjord med faste jobbar og nytt hus

Etter nøye vurderingar valde Eirik Hauge (32) og Henriette Silden (27) å flytte heim til Nordfjord. Dei såg det som beste moglegheit til å få jobb til begge, og no satsar dei på å flytte inn i nytt hus på Nordfjordeid til jul.

BYGGJER HUS: Erik Hauge frå Nordfjordeid og Henriette Silden frå Måløy valde å flytte heim til Nordfjord. No har dei jobbar, og er i full gang med å bygge hus i Hogaåsen. – Vi håper vi får flytte inn til jul, og kanskje få sette opp eit juletre, smiler dei.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Det var litt fram og tilbake kva vi skulle gjere, men vi såg på Nordfjordeid som den beste moglegheita for oss.

Nyhende

I desse dagar veks det fram fleire nye hus i Hogaåsen, og i ei av gatene midt i det nye bustadfeltet finn vi tomannsbustaden til Eirik og Henriette.