Budsjett og økonomiplan drøfta i Finansutval og Formannskap

Få konkrete innspel og signal frå politikarane

Det var smått med tilbakemeldingar for korleis årets budsjettutfordring skal løysast då Finansutval og Formannskap hadde saka føre sist torsdag.

Lite konkret: Drøftingane i Finansutval og Formannskap var veldig lite konkrete. Torsdagens budsjetthandsaming enda opp med at Formannskapet tok kommunedirektøren sitt framlegg til vitande. Alle foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Kommunedirektøren la i førre veke fram administrasjonen sitt forslag til saldert budsjett for 2022 og økonomiplan for 2022–2025. Ein treng ikkje vere rakettforsvar for å forstå at budsjett og økonomiplan er særs utfordrande, med ein ubalanse på 65 millionar kroner. Ei heller for å forstå at «elefanten i rommet» for nokre av dei politiske partia, er kommunedirektøren sitt forslag om å auke dei kommunale inntektene gjennom auke i eigedomsskatten for private, frå 3,5 til 4 promille, og innføring av eigedomsskatt på næring.