Kristine Dahl, assisterande kommunedirektør:

– Vi byrjar å få dårleg tid

‒ Det viktigaste vi skal gjere framover no er å støtte om dei aktørane som ønskjer å nytte seg av den moglegheita Stad Skipstunnel opnar opp for, og som har kome med innspel til prosjekt dei ønskjer å starte opp med i samband med skipstunnelen blir prosjekterte, regulerte og finansierte.

Tida og vegen: Kristine Dahl, assisterande kommunedirektør, og Svein Otto Melheim, dagleg leiar i Stad Eigedomsutvikling, er klare på at både reguleringsarbeid og finansiering av prosjekta må vere på plass for dei prosjekta som ønskjer å ta i mot masse frå utbygginga av Stad Skipstunnel. – Vi har berre tida og vegen før alt må vere på plass, seier dei. 

Nyhende

Det seier Kristine Dahl, assisterande kommunedirektør og prosjektkoordinator for Stad kommune, og viser til at alle planar og prosjekt som har kome på bordet i samband med bruk av tunnelmasse må kunne dokumentere økonomisk evne til å gjennomføre prosjekta dei har lagt fram.