Lansering av Jul i Nordfjord

Torsdag 25. november er det bladslepp av Jul i Nordfjord på Nordfjord Folkemuseum

Då landet stengte ned i mars 2020 nytta kulturhistorikar Marie Nicolaisen høve til å lese seg opp på ulike tidlegare sjukdommar og pandemiar. I innlegget ho skal halde under sleppet av Jul i Nordfjord, vil ho fortelje om nokre av desse sjukdomane og korleis dei endra verda.  Foto: Pressefoto

Nyhende

Denne dagen vil museet opne for sal av tidsskriftet, gje publikum føredrag frå eit utval av forfattarane, opne årets juleutstilling òg opne årets julebutikk med sal av tradisjonell julepynt. Det blir òg open kafé og moglegheit for å sjå utstillinga Fritid på torsdag, museet håpar å sjå så mange som mogleg denne dagen.