Har sett oppdrettseventyret under lupa

Oppdrettsnæringa kom nærmast ut frå ingenting og vaks seg til ei stor og viktig næring for Noreg. I ei ny bok blir den kraftige veksten problematisert.

Langs heile norskekysten finn vi oppdrettsanlegg. Næringa har vakse fort og har også ønskjer om å halde fram veksten. Illustrasjonsfoto.  Foto: Inger Robøle Kristiansen

Nyhende

Husdyra våre har frå dei første sivilisasjonane oppstod blitt forma av menneska for å passe inn i eit menneskestyrt samfunn i stadig endring. Vi har forma dyra i vårt bilete, men eitt dyr gjekk lenge fri for menneskelege taumar: Fisken som sym i elvene, sjøane og hava våre, hadde vore der i millionar av år utan å bli endra av oss. Men så skjedde det noko.