Nedgang i folketalet i Stad

Folketalet i Stad går ned med 26 frå inngangen av 3. kvartal til utgangen av kvartalet. For året så langt er det ein nedgang i folketalet i kommunen på åtte.

Folketalet i Stad går ned med åtte innbyggarar frå inngangen av 1. kvartal 2021 til utgangen av 3. kvartal 2021. I tredje kvartal er nedgangen på -26. Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Torsdag denne veka la Statistisk Sentralbyrå fram folketalsstatistikken for tredje kvartal 2021. Statistikken viser nedgang i folketalet i alle kommunar i Nordfjord, bortsett frå Stryn som har ein folketalsvekst på 5 i forhold til talet på innbyggarar ved inngangen til kvartalet.