Fem fekk mangellapp

Under ein kontroll av tunge køyretøy på Kjøs kontrollstasjon fredag vart det skrive ut fem mangellappar.

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Ein førar fekk gebyr for eit dekk som ikkje tilfredsstilte kravet til vinterdekk. To førarar fekk åtvaring for brot på køyre og kviletids regelverket. Eit køyretøy betalte feil avgift. Det vart sendt rapport til skatteetaten på forholdet. Eit vogntog hadde punktert og fekk bruksforbod.