Regjeringa droppar pengar til kontorplassar i distrikta

(NPK): Regjeringa droppar å bruke 10 millionar kroner på «distriktshubbar» der statstilsette kunne jobbe.

Alfred Bjørlo (V) reagerer på at regjeringa ikkje vil setje av pengar til kontorplassar for statstilsette som vil arbeide i distrikta.   Foto: Geir Olsen/ NTB /NPK

Nyhende

I forslag til statsbudsjett for 2022 løyvde Solberg-regjeringa 10 millionar kroner som skulle bidra til etablering av kontorfellesskap i form av såkalla «distriktshubbar». Pengane skulle brukast til å samordne aktørar frå offentleg og privat sektor som legg til rette for, planlegg og set i gang kontorfellesskap for fjernarbeid.