NHO vil behalde populære elektroniske billettar på ferjer

(NPK-NTB): Som eit koronatiltak vart det innført elektroniske billettar og rekning i posten på ferjebillettar. NHO er blant dei som vil gjere ordninga varig.

Ferjeselskapa skal etter planen tilbake til ordinære løysingar for billettsal frå nyttår. Biletet viser ferja Romsdalsfjord, som trafikkerer strekninga Molde – Vestnes.   Foto: Halvard Alvik/NTB /NPK

Nyhende

Ordninga der billettørane slepp å gå fysisk til kvar bil, vert etter planen fjerna frå nyttår. Det skjer fordi dei ikkje lenger får bruke mobiltelefonen til å ta bilete av bilskilta, melder NRK.